Lovdata og norske lover


#1

Det har vore noko merksemd om opne data frå Lovdata i det siste. Er det andre som har vore inne på dette? Gjerne som har eksempel på konkret behov for API med tilgang til data som Lovdata forvaltar.


#2

Ikkje så mange andre som har kommentert her endå, men eg har tipsa eit par andre om denne diskusjonstråden.

Lovdata nemner på sine sider at dei har eit API:


Eg har sendt dei ein e-post og spurt om meir informasjon. Skal poste her når eg veit noko meir.


#3

Kvifor kan ikkje Lovdata berre opne opp?
"– Posten og Lovdata er ikke underlagt de samme føringene som rene statlige etater, ettersom posten er et aksjeselskap (AS) og Lovdata er en privat stiftelse, sier seniorrådgiver Øystein Åsnes ved avdeling for digital forvaltning."
frå Digi.no: “Norge forbikjørt på åpne data”. 11.12.2014

Kva data har blitt etterlyst?
Nokre har etterlyst API for informasjonen som ligg på lovdata.no (lover og forskrifter), andre har spurt om informasjon som kun er tilgjengeleg i betal-versjonen av Lovdata, for eksempel domstolsavgjerder og forarbeider.

Ein etat etterlyste data som er lagra i forskrifter, f.eks. sats for kilometergodtgjersle ved bruk av bil og liknande. Desse dataa er kanskje betre å hente frå andre kjelder.

Kva vil ein bruke data til? Eksempel på bruk

[…]dataene brukes i interne tilpassede oppslagsverk/veiledere for “saksbehandlere”. Man kan da ha interne beskrivelser, FAQ-er osv mot de relevante lovparagrafer, forskrifter osv. Ikke bare som lenke, men at teksten vises direkte (og oppdatert)

Eksemplel. HR-avdeling i en bedrift kan lage en løsning på intranett for ledere/ansatte som gir info om forhold knyttet til arbeidsmiljø, ansettelser osv - og referer enkelt til lovverk, rettspraksis osv. HMS-håndbøker kan ha mye lignende."

henta frå https://disqus.com/home/discussion/digi-no/norge_forbikjrt_pa_apne_data/#comment-1736642062

Utover dette har eg ikkje nokon gode eksempel på hand, men har heller ikkje leita mykje.

Lovverk i internasjonale vurderingar av opne data
Blant internasjonale rangeringar og vurderingar av opne data i eit land, går tilgang til lovverk igjen.
Her er ei kjapp oppsummering.

Global Open Data Index (GODI). Sidan oppstarten (GODI-utgåve 2013) har lover (“Legislation”) vore ein av kategoriane der GODI måler i kva grad data er tilgjengelege som opne data.

For nyaste utgåve (2016-utgåva som kom ut i 2017) er “Legislation” delt opp i “National Laws” og “Draft Legislation”. Sistnemde vert dekka av Stortinget sitt API. For førstnemde er Lovdata den beste kjelda, men har ikkje opne data.

Open Data Barometer (ODB) vurderer også “Legislation” som ein kategori. Her får óg Norge lav uttelling.

Den Europeiske dataportalen (EDP) køyrer ei årleg undersøking om opne data, men den går ikkje inn på om ulike typar datasett er tilgjengelege på same måte. Sjå faktaark for Norge for 2017.

OECD har undersøkingar om opne data, men eg fann ikkje noko relevant å vise til etter eit kjapt søk.


#4

Sak i medier24.no 14.11.2017: “Hvorfor koster det rundt 10.000 kroner å søke i dommer som det offentlige allerede har betalt for? Vi besøkte Lovdata for å finne svaret”

Saka har fokus på tilgang til domstolsavgjerder. Interessant at jusprofessor emeritus Jan Fridthjof Bernt meiner at Lovdata bør vere omfatta av offentleglova.

EFN si e-postliste er det nemt at ei gruppe personar ser på å få domstolsavgjerder tilgjengelege.


#6

#7